Hallingskeid stasjon

Fakta om
eiendommen

Beliggenhet

Kontakt

Gunnar Aase

Eiendomssjef, sør/vest Send e-post

Stasjonen ligg i Ulvik kommune mellom Myrdal og Finse. På grunn av vêrforholda som rår der på vinterstid, ligg stasjonen inne i eit snøoverbygg. Det er berre nokre togavgangar som har stopp på Hallingskeid.

Hallingskeid stasjon har vore ramma av fleire brannar, og i 1970 blei det noverande bygget oppført. Den opphaveleg stasjonen frå 1904 hadde eige venterom for kvinner. Venterommet var også vigsla til kyrkjeleg bruk, og det var døypefont her.

Det er ikkje bilvegsamband til stasjonen og den er heller ikkje bemanna.

 

Flere bilder av stasjonen