Bryne stasjon

Fakta om
prosjektet

Fremdrift

Mulighetsstudie gjennomført i 2014. Videre arbeid er avhengig av utredningen om dobbeltspor mellom Sandnes og Nærbø. Forventes å komme med i Nasjonal Transportplan i 2017, som vil kunne gi en ny stasjon på Bryne i 2020.

Kontakt

Nicolay Schreuder

Prosjektdirektør, Sør/Vest Send e-post

Kart

map

Nye Bryne stasjon skal vere Jæren sitt viktigaste, mest velfungerande og moderne kollektivknutepunkt. Stasjonen skal være ein samlande, inkluderande og regional møteplass.

Bryne stasjon skal styrke kapasiteten sin vesentlig og vere eit funksjonelt og klimavennleg knutepunkt og portal til Jæren der kollektivtransport, syklistar, og gåande blir prioritert. Bryne stasjon skal bestå av eit mangfald av aktivitetar og byfunksjonar, inneha høge arkitektonisk kvaliteter og vere oversiktleg og heilskapleg knytt saman med den omkringliggande bystrukturen.

Ved dagens bussterminal framfor eksisterande stasjonsbygning på Bryne er det planlagt å utnytte frihøgda for bussar og terrengforskjellen til å skape ei visuell kopling mellom Jernbanegata og Jærbanen. Dekket over bussterminalen blir vidareført frå ein mogeleg ny tog perrong, og gir mogelegheit for ein direkte tilkomst frå jernbanen til det planlagde nye hotellet, samt til venteareal med kiosk og andre handel/servicefunksjonar.

På dekket og sørover plasserast hotell og 4 bustadblokker. Uteareala på dekket tilknytta bustadane og hotellet er delvis skjerma frå støy som følge av nivåforskjellen mellom uteareala og jernbanen og Jernbanegata. Bustadane er tenkt utvikla som mindre leilegheiter og hotell-leilegheiter.