Voss stasjon

Fakta om
prosjektet

Fremdrift

2011: Mulighetsstudie som definerte visjon

2013: Vedtatt områderegulering

2015: Bygging av innfartsparkering

2016: Byggestart terminalbygg og kollektivterminal med ferdigstillelse 2017

Kontakt

Connie Nyhaven

Prosjektsjef Send e-post

Kart

map

Områdereguleringa for Voss blei vedtatt i 2013 og omfattar heile kollektivknutepunktet med alle funksjonar. Hovudmålet med planen er å gjere utviklinga av knutepunktet føreseieleg. Kollektivfunksjonane blir knytt saman med kommersiell utvikling av gondol, hotell, diverse næringsverksemd og bustadar. Dei omfattande planane for knutepunktet blir sett i samanheng med fortetting og utvikling av sentrum, og bidreg til ei berekraftig utvikling av Voss.

Det var behovet for auka kapasitet og betre løysingar for kollektivtrafikken på Voss stasjon som utløyste behovet for å sjå på ei heilskapleg utvikling av knutepunktet. Samtidig skulle E134 leggast om slik at trafikken som hittil har gått gjennom sentrum no går i tunnel utanom sentrum. Dette medførte og behov for å innlemme vegen som ein del av områdeplanen. Bane NOR (Jernbaneverket) var allereie i gong med ei storstilt oppgradering av infrastrukturen på stasjonen, og her blei det og bygd ny fotgjengarundergang som gjev tilgang til midtperrongen og areala på nordsida av spora. Dette opna og for å kunne tenke større og meir heilskapleg rundt utviklinga av heile stasjonsområdet og knutepunktet.

Planprosessen har vore eit tett samarbeid mellom Voss kommune, Bane NOR, Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune, NSB og Bane NOR Eiendom. I tillegg har Voss Resort inngått festeavtaler med Bane NOR Eiendom for areala til gondol og hotell. Det har blitt jobba i fasar frå mogelegheitstudie fram til vedtatt områdeplan der alt har blitt fagleg drøfta i ei prosjektgruppe før det har blitt forankra i styringsgruppa.

Kollektivknutepunkt og turistdestinasjon

Voss er ein viktig turistdestinasjon på Bergensbanen og har 600 000 reisande i året. Det er lagt stor vekt på å legge til rette for at dei reisande som kjem til Voss skal få ei positiv oppleving av staden samtidig som det skal vere enkelt, trygt og logisk å finne fram mellom buss, tog og taxi. Terminalbygget får inngang på nedre plan med direkte inngang frå bussterminal til gangkulvert og heis opp til perrong på øvre plan. I terminalbygget blir det venterom, toalett, informasjonstavler og oppbevaringsmogelegheiter. Viktige samanhengar og sambandslinjer mellom stasjonsområdet og sentrum, kulturhuset og det flotte Fleischer hotell er tatt vare på gjennom planen.

Arkitekter

Norconsult (mogelegheitstudie)

Asplan Viak (regulering)

Nordic (terminal, gondol, hotell)